Dei som har valfarta vel og lenge på Folgefonnhalvøya er hjartans einige: Bondhusdalen er det aller vakraste dalføret – og vi kan trygt anbefala ein fottur dit. Høgdepunktet er det storslåtte brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.

For turistar har brefallet Bondhusbrea vore ein magnet sidan midten av 1800-talet. Det er berre å følgja Isvegen frå kaien i Sundal, som vart bygd i 1863 – ikkje for turistane, men for å frakta is med hest og kjerre ned til fjorden. Derifrå vart isen skipa til by og bygd langs kysten, og eksportert til utlandet.

Turen er slett ikkje krevjande – grusvegen opp til Bondhusvatnet kan nyttast både med barnevogn og rullestol. Derimot treng du gode støvlar om du vil følgja stien til inste enden av vatnet og vidare opp til morenesletta ved Bondhusbrea. Turen att og fram til Bondhusvatnet tek to timar, medan du må rekna med i alt tre timar til andre enden av vatnet, og fire timar opp til morenen, tur-retur.

Den dramatiske naturen i Bondhusdalen vart vald som scene då dronning Sonja opna Folgefonna nasjonalpark i 2005. Du kan sjå dronninga sitt namnetrekk på ein stein ved Bondhusvatnet.