Den tida det var drift på Øvstestølen, var det ei stor seter med brukarar frå fleire grender. På stølen står framleis Gamleselet, som kanskje er den eldste bygningen i kommunen.

Øvstestølen ligg på om lag 500 meter i svakt skrånande terreng på austsida av Meiadalen ved inngangen til Veslelangdalen. Området er regulert til spesialområde og er omfatta av Trollstigen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark. Gjennom stølen renn Veslelangdalselva.