Folgefonna Nasjonalpark

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn. Fjordbygdene rundt breen har ei rik kulturhistorie. Her finst gamle klyngetun, og i fjelldalane er gamle setrer framleis i drift.

Breen og nærområdet byr på unike innblikk i kva som gjekk føre seg den gongen innlandsisen dekte store delar av Skandinavia, då brearmane grov ut fjordane og dalane som gjer vestlandsnaturen så vidgjeten.

Fire landskapsvernområde har grense til nasjonalparken: Bondhusdalen, Buer, Ænesdalen og Hattebergsdalen.

Det er faktisk fleire isbrear

Folgefonna består av tre større brear: Nordfonna, Midtfonna og Sørfonna. I tillegg kjem mange små, som saman med dei tre store dekkjer eit område på 207 km2. Målingane viser at breen er nesten 400 meter på det tjukkaste, og på det høgste punktet fell det i snitt 5500 mm nedbør kvart år.

Minneverdig

Som brøddeig på ei ujamn flate, søkjer breen mot lågare grunn – brearmar sig sakte nedover i dalane. Der terrenget er brattast, dannar det seg isfall. Bondhusbrea er eit slikt dramatisk brefall – synet gløymer du aldri!